Bronto Biff på Cafè Olala
- Forfattar: Diep, Nhu
- ISBN: 9788252180312
- Innbinding: Innbunde
- Utgjeve: 2012
- Språk: Nynorsk
- Din pris: 200.00
- Avbestillingsfrist: 15/02/2012
- Avbestillingsdato er utgått
Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat! Dag etter dag, veke etter veke. Men ein dag får han nok. Det må då vere meir i livet enn dette? For første gong i livet går Bronto på restaurant, og bestiller alt på menyen. Men alt er litt for mykje for magen til Bronto ... kanskje å smake på passe mykje er betre? Dette er ei sprudlande bildebok om tema ungar har eit nært forhold til: kjensler, smakar, lukter, fargar,mat og bæsj. Og Bronto Biff er ein uttrykksfull fyr som ber historia på dei digre dinosaurskuldrene sine.
Omtale
Bronto Biff har fått seg ei eksistensiell krise!
Den svarte maten er ikkje nok til å fylle livet til Bronto Biff med meining. Det må jo være meir!
Og det er det. På cafe Olala har dei mykje meir. For mykje for magen til Bronto Biff, faktisk. Han må finne den gyldne middelveg.
Men først måtte han få merksemda til dei travle servitørane
Her finn at ut at det gode liv er når ein har sånn passeleg av alt.
Det er lett å forspise seg når ein kjem frå kjedeleg svart mat til ein herleg cafè. Bronto Biff lærer seg å nyte mange ulike fargar. Men òg å ete i passelege mengder. Kanskje vågar han til og med å blande fargane etterkvart?
Dei viktigaste elementa i boka er kjensler (Bronto Biffs mange uttrykk), fargar, mat og bæsj. Alle tema som dei minste har eit nært tilhøve til. Det pedagogiske budskapet: spis variert og spis i passelige mengder passer perfekt for både heimen og barnehagen!
