Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet
- Forfattar: Hanssen, Sigrid Merethe
- ISBN: 9788252179651
- Antall sider: 49
- Innbinding: Innbunde
- Utgjeve: 2011
- Språk: Nynorsk
- Din pris: 174.00
- Avbestillingsfrist: 15/02/2012
- Avbestillingsdato er utgått
Første bok i ny herleg detektivserie! Hagbart er den minste i søskenflokken. Ein dag, heilt i starten på ein lang og fin ferie, blir dei tre søskena vekt av eit stort brøl. Faren Kyrre har sett seg lei på alt rotet som har samla seg i huset, og set i gang Operasjon Husvask. Mens Oberst Dobørst, som Hagbart og søskena hans gjerne kallar faren i slike situasjonar, dreg på kjøpesenter, skal dei tre søskena vaske huset. Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask og alle spor peikar i retning av Hagbart. Dette er heilt klart ei sak for Detektiv Smartbart. Ei lettlest og fantasifull bok som dei fleste barn lett kan kjenne seg igjen i. Boka er humoristisk skriven av Sigrid Merethe Hanssen og artig illustrert av Åshild Irgens. Ho eignar seg godt til både sjølv- og høgtlesing.
Omtale
Det var tidleg morgon i Moltebærvegen 8. Den einaste lyden i huset kom frå kaffitraktaren på kjøkkenet, der ein mann tusla rundt i slåbrok. Mannen gjekk ut av kjøkkenet og gjennom korridoren i retning av utgangsdøra.
Brått stansa han opp, og ein lyd som mest av alt likna ein jetmotor, breidde seg utover heile første etasje før den skaut fart bortetter ganggolvet og fór som ein tornado opp ei trapp og inn ei dør til tre ferierande skolebarn som låg og sov i sengene sine.
( Klikk på biletet med tekst for å sjå det i større format )
Hagbart, den minste soldaten, hadde gitt Obersten endå eit namn. På slike dagar som dette var han ikkje berre oberst, han var sjølvaste Oberst Dobørst.
Og for å vise obersten kor TEIT han var som vekte ungane sine på ein slik måte ein feriemorgon, marsjerte dei taktfast ut av soverommet sitt og bortover ganggolvet.
Men dei skjøna fort at her var det lurt å ikkje provosere unødig...
At BRØLET hadde sett sine spor, var lett å sjå. Det elles bleikrosa ansiktet til Obersten var illraudt og verka dobbelt så stort som det var til vanleg.
På veg frå kjøkkenet ut til postkassen hadde han måtta kjempe seg over ei ufatteleg mengd av sko, gymklede, ranslar, potetgullposar, brusflasker, hårspenner, teikneseriehefte, mobilar, dyre spel, minst like dyrt sportsutstyr, musikkinstrument, badebukser, bjørkekvistar, ja, faktisk bjørkekvistar og til og med eit BANANSKAL.
Obersten deler ut oppgåver og etter mykje att og fram, med indre strid i troppen, set ungane i gang.
( Klikk på biletet med tekst for å sjå det i større format )
Men då Hagbart kjem opp på badet oppdagar han at noko er riv ruskande gale;
Dopapiret, som skulle henge på veggen, hadde rulla ut over heile golvet og snodd seg opp og ned av veggar og tak og rundt alt det var muleg å kome rundt. Spegelen var heilt kvit av Obersten sitt barberskum, og i vasken låg ørtogførti q-tips godt nede i avløpet. Og det verste av alt: Doen, som brukte å vere heilt kvit, var oversprøyta med gul og grøn og raud farge.
I oppryddinga finn Hagbart fleire forsvunne ting og byrjar spekulere ut ei hemn. For sjølvsagt er det dei eldre søskena som no freistar å setje han i dårleg lys. Det er tid for Detektiv Smartbart!
Men for å omskape seg til detektiv Smartbart måtte Hagbart først finne fram detektivkofferten. Det var lettare sagt enn gjort, sidan han hadde gøymt den i ein ventil. Ein stabel bøker på ein stol gjorde nytten for å nå ventilen - men så hende det som ikkje måtte hende; Hagbart ramla med eit brak!
Heldigvis hadde han greidd å halde kofferten med detektivutstyret over hovudet i fallet. Den verka heilt uskadd og ingen høyrde bråket.
Detektiv Smartbart opna den vesle kofferten, tok fram detektivhandboka og bladde opp der det stod om fingeravtrykk.
Snart hadde han ei heil rad med gode, tydelege avtrykk som han førte over til spesialteipen. Til sist tok han eit av seg sjølv for å samanlikne. Dei andre fingeravtrykkbevisa la han inn i skoleatlaset sitt, som han gjømte under puta i køya si.
Oberst Dobørst blei svært interessert då han såg det gode detektivarbeidet Hagbart hadde gjort, og sette fram krav om at alle soldatane skulle avlegge fingeravtrykkprøve.
- Her peikar det seg tydeleg ut to skyldige, sa Obersten alvorleg.
Korleis går dette, trur du? Får Hagbart bevist at han er uskuldig? Får han hemn over søskena? Vert dei vener og vel forlikte til slutt?
Den som leser får sjå...
Dette er ei bok med spaning og humor, av det hyggelege slaget - til glede for både vaksne og barn. Passer godt til høgtlesing, så vel som eigenlesing! Boka er morosamt illustrert av Åshild Irgens.


