Bokpakke frå "Drømmehagen"
- Avbestillingsfrist: 15/09/2010
Ungane elskar Drømmehagen! Då NRK slutta å sende Drømmehagen i vinter, blei det så sterke protestar at saka kom opp i Kringkastingsrådet ... No er Hoppsi Deisi, Hinkelpinkel og dei andre tilbake både på tv og i bokform. No også på nynorsk!
Omtale
Den som har sett ein smårolling sitje som fjetra framfor skjermen, lese ivrig i ei Drømmehage-bok eller strålande fortelje om Makka Pakka og Hoppsi Deisi, skjønar at Drømmehagen er noko heilt spesielt. Sjølv om det heile er så superenkelt at mange foreldre nok i utgangspunktet har vore litt skeptisk til om dette kan vere noko å sjå på ...
Det er det, sjølvsagt, og det enkle er nettop medvitne grep for å nå fram til dei aller yngste, og gi dei ei god, trygg og fin oppleving. Skaparane av serien Drømmehagen, Anne Wood og Andrew Davenport, er begge språkterapeutar, og alle lydane, musikken og gjentakingane er baserte på kva barn kan forstå i svært tidlig alder.
Dette er tatt vare på i dei små, kartongbøkene, som heilt små barn vil kunne" lese i "og ha glede av sjølv, fordi figurane og verda dei lever i er så kjende. Ikkje rart bøkene om Drømmehagen var mellom dei aller mest selde barnebøkene i fjor.
Gå ikkje glipp av dei tre nye historiene.
Lat oss vinke! Og syngje! Og hoppe!
Det var ein gong i Drømmehagen ... Tomlingane leika ein morosam vinkeleik. Kven skal dei vinke til? Stadig nye venner dukkar opp, og alle vil vere med å vinke!
Hoppsi Deisi vil syngje!
Men kva er det for ein lyd? Tomlingane speler på Tomlingepianoet. Pling! Plong! Bang! Kræsj! Det blir for mykje lyd. Men til slutt kan alle i Drømmehagen syngje i kor. Alle liker å syngje!
Hinkepinkel vil hoppe!
Det var ein gong i Drømmehagen ... alle leika ein spretten hoppeleik. Boing! Boing! Boing! Sjå på det! Makka Pakka og Tomlingane og den vesle familien Konge hoppar. Til og med dei store Hahoane hoppar. Til slutt hoppar alle saman!
Bøkene om Drømmehagen* er midt i blinken frå 1-3 år. Bøkene er laga i solid kartong med runde kantar tilpassa dei yngste, med eit hendig format 17,5 cm x 17,5 cm.
*Namnet Drømmehagen er innarbeidd og verna som produktnamn i Noreg, og inngår òg i logoprogrammet for serien. Vi har difor måtte halde på dette namnet også i dei nynorske utgåvene, sjølv om dette er ei såkalla "klammeform".

