Gummi-Tarzan
- Forfattar: Kirkegaard, Ole Lund
- ISBN: 9788205389274
- Antall sider: 70
- Innbinding: Innbunde
- Utgjeve: 2010
- Språk: Nynorsk
- Din pris: 174.00
- Avbestillingsfrist: 15/09/2010
- Avbestillingsdato er utgått
Ei av Nordens mest populære barnebøker - endeleg på nynorsk! Ole Lund Kirkegaards bøker har gledd ungar i meir enn 40 år, og no har Ragnar Hovland omsett Gummi-Tarzan til nynorsk. Ei må-ha-bok for alle med humoristisk sans!
Omtale
Bøkene til Ole Lund Kirkegaard er fulle av merkelege påfunn og utrulege hendingar - og stor klokskap. Ingen har vel skrive ei meir morosam bok om mobbing enn boka om Gummi-Tarzan, som likevel meir enn noko anna er ei ellevill historie alle vil ha glede av å lese. Lett å lese sjølv er ho og, gjennomillustrert som boka er med Ole Lund Kirkegaards eigne teikningar.
Det er ikkje lett å vere Ivan Olsen. Ikkje berre får han juling av dei store gutta, han slit både med å lære seg å lese og å hoppe bukk i gymmen. Far til Ivan er sur for at han aldri greier å ta igjen, og synest Ivan skulle vore litt meir lik Tarzan. Men sidan Ivan ikkje klarer å klatre i tre ein gong utan å dette ned, kallar faren han for Gummi-Tarzan.
Men ein dag møter Ivan ei heks som kan oppfylle eitt ønske. Det forandrar alt!
Far til Ivan Olsen har lånt ei bok om Tarzan på biblioteket ... Klikk på oppslaget for å få leseleg skriftstorleik.
Ei må-ha-bok!
Gummi-Tarzan er både lettlesen og morosam med korte kapittel og illustrasjonar nesten på kvar einaste side. Gummi-Tarzan er difor ei flott bok å lese sjølv når ein skal vidare frå dei enklaste lett-les-bøkene. Den er dessutan perfekt for høgtlesing, med humor for både små og store.


