-
Kundehjelp
Slik gjer du når du skal ...
Avbestille:
Frå nyheitsbrevet du får klikkar du på Les meir for å få opp presentasjonen av hovudboka. Øvst på sida finn du lenkje Avbestill boka. Klikk på denne, skriv inn brukarnamn (epostadressa di) og passord, og boka er avbestilt. Du får ei automatisk stadfesting på epost. Har du gløymt passordet kan du klikke på Gløymt passord?, og få det tilsendt til epostadressa di.
Bestille:
Søk opp boka du skal ha via tittel/forfattar i SØK-feltet, frå menyen med aldersgrupper til venstre på hovudsida, eller frå utvalet på framsida elles. Klikk på knappen KJØP. Når du har vald dei bøkene du skal ha, klikk på lenkja Gå til kassa, som du finn ved sida av handlekorgsymbolet øvst til høgre. På dette steget kan du endre antal om du vil ha fleire eksemplar av ein tittel, eller slette titlar du likevel ikkje ønskjer å bestille. Klikk på "OPPDATER" for å oppdatere endringar og "GÅ VIDARE" for å fullføre bestillinga.
Sjekke ordrehistorikk:
Lurer du på om boka du har bestilt er på veg, eller har du fått ei betalingspåminning og lurer på kva for bok denne gjeld? Du finn svaret på Mi side. Vel fana Ordrehistorikk.
Melde deg ut:
Om du ønskjer å avslutte medlemskapen gjer du det frå Mi side. Vel Min profil og du finn lenkja "Meld meg ut av Blåmann barnebokklubb" under skjemaet med dine opplysningar.
Blåmann Barnebokklubb
Maria Parr;
Av og til møter eg folk som leitar
og leitar etter nynorske
barnebøker; for dei er så
vanskelege å finne, seier dei.
Då kan eg heldigvis fortelje
om Blåmann. Tenk så bra
at det finst ein liten bokklubb
der alle dei gode nynorske
barnebøkene er samla
på ein stad. Det er bra, det!
Medlemskontakt
Medlemstelefon:
23242700 (10-14)
Kva vil du lese om?
Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Terje Hellesen.
E-post: blamann@blamannbok.no
Andre gode nettstader;
