Historier om krigen
- Forfattar: Skjønsberg, Harald
- ISBN: 9788205397736
- Innbinding: Innbunde
- Utgjeve: 2010
- Språk: Nynorsk
- Din pris: 218.00
- Avbestillingsfrist: 25/03/2010
- Avbestillingsdato er utgått
9. april er det 70 år sidan okkupasjonen av Noreg. Denne flotte og fargerike boka gir ei levande framstilling av krigsåra, og er full av fakta og bildestoff om ei viktig og spennande tid i historia vår.
Omtale
Det er lenge sidan den andre verdskrigen. Det er 70 år sidan Tyskland gjekk til angrep på Noreg og enorme endringar har skjedd etter den tid. Likevel er interessa for kva som skjedde i krigsåra 1940-1945 framleis stor, og etter kvart som nye generasjonar veks til, må historia bli fortalt på nytt.
I Historier frå krigen finn du 14 sanne forteljingar frå Noreg i krig, frå okkupasjonen til frigjeringa og krigsoppgjeret. Det er forteljingar om mot og veikskap, sigrar og nederlag, om folk som døydde og folk som berga seg. Du kan lese om 9. april og dagane etter, om Reichskommissar Quisling og NS, om jødar i Noreg, om Telavåg-katastrofen, om krigssiglarane, om borna som manglamat og klede, om da Nord-Noreg brann, om freden og oppgjeret og om dei uskuldige ofra, t.d. «tyskerborna».
Boka fortel om kampar og kvardagsliv, om heimefrontfolk og dei som gjekk saman med okkupantane. Du får høyre om heltegjerningar og svik, men òg om motiva for å velje slik folk gjorde, om kva som var rett og galt sett i ettertid.
Harald Skjønsberg er både lærar og forfattar, og presenterer stoffet på ein lettlesen og appellerande måte.
Boka eignar seg for gode lesarar frå ca 10 år og oppover.

