Blåmann Barnebokklubb

 

 

 

 

 

 

 

 

Maria Parr;

Av og til møter eg folk som leitar

og leitar etter nynorske

barnebøker; for dei er så

vanskelege å finne, seier dei.

Då kan eg heldigvis fortelje

om Blåmann. Tenk så bra

at det finst ein liten bokklubb

der alle dei gode nynorske

barnebøkene er samla

på ein stad. Det er bra, det!

 

Medlemskontakt

 

Medlemstelefon:

 

23242700 (10-14)

Kva vil du lese om?

Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Terje Hellesen.

E-post: blamann@blamannbok.no

 

Andre gode nettstader;

Norsk Barneblad

Bokdykk

Noregs Mållag

ungdomsbøker.no

4H Norge

Bø og Bæ bokpakke med 25% rabatt

  • Avbestillingsfrist: 25/03/2010

Olof og Lena Landströms bøker om Bø og Bæ har gjort suksess i mange land. No kjem endeleg nye utgåver av tre Bø og Bæ-bøker som har vore utselde ei tid. Ein fantastisk bokpakke med heile 25% rabatt. 


Omtale

Dei sjarmerande sauene går rett til hjarta på ungar i nær sagt alle aldrar. Og blant vaksne har Bø og Bæ blitt dei reinaste kultfigurar!

Den enkle teksten og uttrykksfulle illustrasjonane har gjort bøkene om Bø og Bæ til moderne klassikarar. Fylde med underfundig humor og djup livsvisdom er dei eit framifrå døme på at det enklaste er ofte det beste!

Alle elskar Bø og Bæ!

I desse tre bøkene får du vere med Bø og Bæ ein vinterdag i vinden, ein sommardag i regn og ein haust-tur i skogen. Som alltid når dei skal gjere noko, blir det litt ugreitt. Dei blir forundra. Og til slutt ordnar det seg likevel utan at Bø og Bæ veit heilt korleis det har gått til!

I Bø og Bæ i vinden tek dei sparken til butikken for å kjøpe grønsaker. Dit går det fort! Men heimover er det bratt, og så blir det snøstorm ....

I Bø og Bæ blir våte har dei har lagt seg med kvar si godnatt-forteljing, då det blir torever og regn ute, og lyset går. Attpåtil må dei ut og hente inn krokketspelet frå hagen. Det er både nifst og vått!

I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Men dei finn ingen bær, og når dei skal ete niste, sit det ein maur på skiva til Bæ. Dei må rømme frå maurvegen og hoppe over bekken ... går det bra, tru?

Olof Landströms enkle strek er uvanleg uttrykksfull. Mange kjenner også teikningane hans frå barne-tvseriene om Kalles klatretre og Magister Flukt. Han har også teikna dei populære bøkene om Benny.

Det er Ragnar Hovland som har omsett bøkene om Bø og Bæ frå svensk.

Bøkene om Bø og Bæ er midt i blinken for:

*2-åringar som likar bøker som er bittelitt spennande
*4-åringar som likar bøker med morosame figurar
         - og alle mellom 2 og 100 år med sans for enkel og underfundig humor

PS:

Du finn dei populære Bø og Bæ-dokkene og alle dei andre Bø og Bæ-bøkene HER.


Om forfatter

Olof Landström, fødd i Finland 1943, er illustratør og animatør med ei rekkje kjende bøker og teiknefilmar bak seg. Kona Lena Landström, også fødd i 1943, har skrive tekstane til bøkene om Bø og Bæ. Dei har òg laga fleire andre bøker saman, mellom anna bøkene om Stian.