Blåmann Barnebokklubb

 

 

 

 

 

 

 

 

Maria Parr;

Av og til møter eg folk som leitar

og leitar etter nynorske

barnebøker; for dei er så

vanskelege å finne, seier dei.

Då kan eg heldigvis fortelje

om Blåmann. Tenk så bra

at det finst ein liten bokklubb

der alle dei gode nynorske

barnebøkene er samla

på ein stad. Det er bra, det!

 

Medlemskontakt

 

Medlemstelefon:

 

23242700 (10-14)

Kva vil du lese om?

Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Terje Hellesen.

E-post: blamann@blamannbok.no

 

Andre gode nettstader;

Norsk Barneblad

Bokdykk

Noregs Mållag

ungdomsbøker.no

4H Norge

Forelska!

  • Forfattar: Dautremer, Rébecca
  • ISBN:
  • Antall sider: 32
  • Innbinding: Innbunde
  • Utgjeve: 2010
  • Språk: Nynorsk
  • Din pris: 170.00
  • Avbestillingsfrist: 25/02/2010
  • Avbestillingsdato er utgått

 

Vakker, morosam og prislønt bok om eit tema små (og store) nærmar seg med skrekkblanda fryd: Kva er FORELSKA for noko?


Omtale

Kva er FORELSKA for noko, lurer Simone. Ho spør alle vennene i barnehagen sin, og alle veit dei litt forskjellig om dette spennande og rare, som finst i eventyra og i kroppen og får gutane til å erte - og gifte seg. Oi! 

Den barnlege og fabulerande utrrykksforma blir formidla både i bileta og i teksten, som er leikent gjendikta til norsk av Tove Bakke.

Forelsking med barneblikk

Olav og Simone går i same barnehagen. Og Olav liker å plage jentene ... og spesielt Simone!  Ho går til mamma og sladrar om alt Olav gjer, og mamma seier at det sikkert er fordi Olav vil leike med Simone. Og kansje er litt forelska i ho!

Men kva er forelska for noko? Simone spør alle barna: Synne og Tuva og Julie og Aslak og Kristoffer og Silje og Kristian og Vesle-Thomas og Store-Thomas og Jonas og Leah og Emma!

Jonas seier forelska er å falle. Plask, pladask, rett ned på nokon! Aslak seier forelska er i eventyra. For prinsar og prinsesser. Og Leah veit det må vere TO for å vere forelska. Eller kanskje tre. Eller fire! Kor mange er best, lurer Simone då. Og er det juks eller verkeleg?

Illustrasjonane er poetiske, leikne og fargerike, med noko eventyrleg over seg. Vakre og rosenraude, men òg med mykje humor. Ei bok det er lett å ... falle for!

Klikk på bildet for større visning

Forelska har blitt ei sprudlande og humoristisk bok om eit tema som fascinerer og forundrar. Å! Hå! Ein får nesten lyst til å bli ... FORELSKA!

 

 


Om forfatter

Rébecca Dautremer, fødd i 1971 i Frankrike.

Utdanna grafikar og illustratør med ei rekkje vakre biletbokprosjekt bak seg før ho begynte å skrive sine eigne. Forelska! vann den franske Prix Sorcière då den kom ut i 2003.