Lydbok: Tonje Glimmerdal
- Forfattar: Parr, Maria
- ISBN: 9788252176094
- Innbinding: CD
- Utgjeve: 2010
- Språk: Nynorsk
- Din pris: 218.00
- Avbestillingsfrist: 25/02/2010
- Avbestillingsdato er utgått
No kjem Tonje Glimmerdal som lydbok - ei flott gåve til dei som har gått glipp av boka, og alle som ikkje får nok av Maria Parrs fantasiske Brageprisvinnar.
Omtale
Denne lydboka er ei sjarmbombe for heile familien - perfekt i bilen, så små og store kan dele den store leseopplevinga. Du kan lese utdrag frå boka her
Det er Maria Parr sjølv som les lydbokversjonen av Tonje Glimmerdal. Ei innlesing som nett som boka sprudlar av varme og forteljarglede!
Ei jente med fart og sjølvtillit
Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!
Heldigvis får Tonje ein bestevenn til, når Ole dukkar opp på Hagens Helse-Camping. Saman tek dei to opp kampen mot Hagen som vil øydeleggje heile Glimmerdal med foretningsplanane sine.
Tonje Glimmerdal fekk Brageprisen 2009 og er alt seld til ei rekkje land.
Les kva meldarane skriv om boka:
"Dette er gull" May Grethe Lerum, VG
"Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit.... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!" Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
"Parr er en klok og myndig forfatter: det er ikke alle som lykkes med å gi sin hovedperson så mange gode egenskaper, så mye drama og så mye hell, og en slik sentral rolle i alles liv, og enda få det til å fungere litterært. Astrid Lindgren greide det - og den sammenligningen er ikke tilfeldig." Morten Haugen, Adresseavisen
"Den spanande historia er ei side av denne boka, det hjartevarme i forteljinga, ei anna. Og så er det språket! Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li, der forteljartradisjonen truleg har stått sterkt. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss." Marianne Lystrup, Vårt Land
"Boka har noko tidlaust og nostalgisk over seg, og står fram som ein klassikar allereie i si eiga samtid. Parr er ein drivande god forteljar ..."
Kristine Isaksen, Bergens Tidende
"Det er så mykje godt å seie om denne forteljinga. Spennande og morosam. Ei herleg høgtlesingsbok. Tidlaus og klassisk. I fin dialog med andre tøffe jenter i barnelitteraturen, som Heidi i Alpane og Pippi i Ville Villekula. Men kanskje er det viktigast at den også er alvorleg." Janne Karin Støylen, Pirion
"Dette er en kjempefin bok!"" Anne Cathrine Straume, NRK
Grunngjevinga frå Brageprisjuryen:
"Under det befriende mottoet "fart og sjølvtillit" setter Tonje Glimmerdalen fortellingen med samme navn i bevegelse. Vennskap og familierelasjoner, av alle slag, står som et sentralt og gjennomgripende tema. Et rikholdig, komplekst, fargesterkt og troverdig persongalleri fyller boka. Her er det en personlig fortellerstemme med overskudd og stor fortellerglede. Den språklige fortellergleden bokstavelig feier leseren gjennom historien. Boka har mange referanser til klassiske barnefortellinger og bruker disse på en original, forfriskende og nyskapende måte."
Denne lydboka er midt i blinken for alle i aldersgruppa 6-12 år - og foreldra deira.
