Blåmann Barnebokklubb

 

 

 

 

 

 

 

 

Maria Parr;

Av og til møter eg folk som leitar

og leitar etter nynorske

barnebøker; for dei er så

vanskelege å finne, seier dei.

Då kan eg heldigvis fortelje

om Blåmann. Tenk så bra

at det finst ein liten bokklubb

der alle dei gode nynorske

barnebøkene er samla

på ein stad. Det er bra, det!

 

Medlemskontakt

 

Medlemstelefon:

 

23242700 (10-14)

Kva vil du lese om?

Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Terje Hellesen.

E-post: blamann@blamannbok.no

 

Andre gode nettstader;

Norsk Barneblad

Bokdykk

Noregs Mållag

ungdomsbøker.no

4H Norge

Medlemsfordelar

Blåmann Barnebokklubb er den einaste nynorske barnebokklubben. Vi tilbyd kvalitetsbøker for barn frå 2 til 12 år. Meld deg inn og få tre bøker gratis!

Du kan òg gi meldemskap i Blåmann i gåve. Barnet får bøkene - du får fakturaen. Bestem sjølv om du eller foreldra til barnet skal administrere medlemskapen, tilbodet blir sendt til den epostadressa du oppgir. Klikk på Alternativ faktura-adresse i innmeldingsskjemaet dersom du skal ha faktura sendt ein annan stad enn boka!

Rikt utval - inga kjøpeplikt
Du beheld velkomstbøkene endå om du ikkje kjøper ei einaste bok. Det einaste vi krev, er at du er medlem i eitt år, melder du deg ut før betaler du medlemspris for bøkene i velkomstpakken. Etter det første året står du fritt til å avslutte medlemskapen når det måtte passe deg.

Bøker tilpassa alderen til barnet
Gjennom dialog via e-post og leikne nettsider presenterer vi bøker som er tilpassa alderen til barnet. Barna veks og utviklar seg saman med klubben.

Garantert maksimal rabatt
Vi gir deg så høg rabatt som vi har lov til - 12,5% på alle nye barnebøker. NB: Rabatten gjeld både Blåmanns eigne bøker og alle barnebøkene i sortimentet til nettbokhandelen Bokdykk. I tillegg får du ofte svært gode spesialtilbod på andre bøker og spesialprodukt for barn. Du betaler ikkje porto, berre eit ekspedisjonsgebyr på kr 10,-

Kvalitetsgaranti
Blåmann har fleire prislønte forfattarar enn andre bokklubbar - derfor garanterer vi topp kvalitet i kvar einaste bokpakke.

God nynorsk, godt språk
Blåmann har eit medvite forhold til kvaliteten på språket i bøkene. Ikkje berre er vi den einaste bokklubben på nynorsk; vi lovar deg også godt språk i alle bøkene våre!

Enkel avbestilling
Kvar månad tilbyd vi ei ny hovudbok. Ønskjer du ikkje å motta denne avbestiller du enkelt og greitt via nettsidene våre. Du kan følgje med på bestillingar og avbestillingar via Mi side.

Full angre- og returrett
Om du mottek ei bok du ikkje vil ha, returnerer du henne til oss - uansett grunn. Boka må sjølvsagt ikkje vere brukt, og du betaler berre returporto. Er det feil ved boka eller sendinga, dekkjer vi returporto.

 

Meld deg inn her

Tips ein ven