- Forfatter: Vindenes, Eivor
- Forlag: Samlaget
- ISBN: 9788252174816
- Sider: 184
- Innbinding: Innb.
- Utgjeve: 2009
-
Din pris: 174,-
-
Status: På lager
Frå Blåmannredaksjonen
Fabelaktig høgtlesingsbok frå debutant. Av og til blir ikkje dagane heilt som ein har tenkt seg. Slik er det i alle fall for vaktmeister Børre Rydding, vesle Anton, Fyrstinna, gamlefrøknene Pomp og Prakt, for ikkje å snakke om Knut Rask. Dei trur vel alle, bortsett frå Knut, at desse siste dagane før jul skal tusle skeivt bortetter som dei plar gjere. Men det gjer dei altså ikkje.
Sammendrag:
Alt kan reparerast - ei slags julehistorie er ei humoristisk og herleg forteljing som treffer både barn og vaksne i humor og innhald. Fabelaktig høgtlesingsbok i førjulstida!
Omtale:
Av og til blir ikkje dagane heilt som ein har tenkt seg. Slik er det i alle fall for vaktmeister Børre Rydding, vesle Anton, Fyrstinna, gamlefrøknene Pomp og Prakt, for ikkje å snakke om Knut Rask. Dei trur vel alle, bortsett frå Knut, at desse siste dagane før jul skal tusle skeivt bortetter som dei plar gjere. Men det gjer dei altså ikkje.
Les dei første sidene her (klikk på bildet for større oppslag):
Fargerikt persongalleri
Alt kan reparerast - ei slags julehistorie handlar om nokre usedvanlege, fargerike personar som etter beste evne prøver å leve ved sida av kvarandre i bygarden der dei bur. Alt går føre seg mellom 22. Desember klokka 15.33 til 24. desember klokka 18.27, to døgn som endrar livet til fleire av dei. Ja for dei alle!
Og alt begynner med at Knut Rask flyttar inn, og vesle Anton som får eit oppdrag. Frøken Pomp som har sett inn kontaktannonse for å finne seg ein mann som likar sommarfuglar, får endeleg eit brev. Og Fyrstinna, som inviterer til festmiddag kvar dag og avlyser dei i siste liten, ja ho får kanskje gjester til slutt?
Gle deg til å bli kjend med ein bygard full av fine folk og ting som kan reparerast. Og ja - det blir sjølvsagt jul.
Boka har god skrift og korte kapittel med mykje humor som illustrasjonane til Jens K. Styve tek godt vare på.
Ei underfundig og fantasifull bok å gle seg over for både små og store i førjulstida!
Midt i blinken å lese høgt frå ca 8 år, og med god skrift å lese sjølv frå ca 10.
Om forfatter:
Eivor Vindenes, f. 1971, debuterer med denne herlege boka.


Tips ein ven
Tipset er sendt!
Noko gjekk gale - prøv på nytt!