Blåmann Barnebokklubb

Medlemstelefon: 23242700 (9-15)
E-post: blamann@blamannbok.no
Medlemskontakt
Kva vil du lese om? Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Erle Stokke.
Medlemsservice: 23 24 27 00
blamann@blamannbok.no

8-10 år

Bokomslag

Tonje Glimmerdal

  • Forfatter: Parr, Maria
  • Forlag: Samlaget
  • ISBN: 9788252174038
  • Sider: 281
  • Innbinding: Innb.
  • Utgjeve: 2009
  • Din pris: 218,-

    Kjøp
  • Status: På lager

  • Lesarane gir boka:

    Kva meiner du? Gi boka stjerner!

Frå Blåmannredaksjonen

Ei perle av ei bok frå ung forfattar . Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel! Her er latter, drama, tårer og musikk.

Sammendrag:

Endeleg kjem bok nummer to frå forfattaren Maria Parr, som blei nominert til Brageprisen for debutboka Vaffelhjarte. Oppfølgjaren Tone Glimmerdal er ei perle av ei bok som både ungar og vaksne vil elske!

Omtale:

 

Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!

Heldigvis får Tonje ein bestevenn til, når Ole dukkar opp på Hagens Helse-Camping. Møtet mellom Tonje og Ole blir ei ugløymeleg jente-møter-gut-scene - som ender med naseblod. Men saman tek dei to opp kampen mot Hagen som vil øydeleggje heile Glimmerdal med foretningsplanane sine.

Klikk på kartet: Velkommen til Glimmerdalen!

Boka om Tonje Glimmerdal har alt

Boka om Tonje Glimmerdal har alt:  latter, drama, tårer og musikk. For ikkje snakke om fart og sjølvtillit! Det er nemleg mottoet til Tonje Glimmerdal, og her er det girlpower i massevis. Tonje sjølv er ei kryssing av Pippi og Heidi frå Alpane, sterk, omsorgsfull, glad i naturen og sta som eit esel. Og aller mest er ho seg sjølv, sjølvaste Tonje frå Glimmerdal! Dette er ein hovudperson som garantert vil leve lenge i norsk barnelitteratur.

 

Les utdrag frå boka her

Den første boka frå Maria Parr, Vaffelhjarte, er omsett til sju språk. Tonje Glimmerdal er alt seld til fire, og haustar lovord over alt.

 

Kritikarjubel:

 

" det er nettopp denne realistiske kombinasjonen av idyllisk humor, svarte flekker og lindgrensk fandenivoldskhet som gjør Tonje Glimmerdal til det mesterstykket romanen er."                      Kjell Olaf Jensen, barnebokkritikk.no 

"Boka har noko tidlaust og nostalgisk over seg, og står fram som ein klassikar allereie i si eiga samtid. Parr er ein drivande god forteljar".  BT

"Den spanande historia er ei side av denne boka, det hjartevarme i forteljinga, ei anna. Og så er det språket! Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li, der forteljartradisjonen truleg har stått sterkt. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss." Marianne Lystrup, Vårt Land

 

Tone Glimmerdal er ei bok alle vaksne bør unne seg å lese høgt om dei har nokon å lese høgt for. Det gode skriftbildet gjer at boka også eignar seg godt å lese sjølv. Gå ikkje glipp av årets store sjarmbombe! 

Høgtlesingsbok frå ca 7 år, lese sjølv frå ca 9-12 år. Gle dykk!

 

Om forfatter:

 

Maria Parr  er fødd i 1981 og oppvaksen i Vanylven. Ho debuterte i 2005 med den kritikerroste barneboka Vaffelhjarte, som blei nominert til Brageprisen og vann Nynorsk barnebokpris.

  • Tips ein ven

  • Skriv om boka