- Forfatter: Rasmussen, Gunvor
- Forlag: Skald
- ISBN: 9788279591078
- Sider: 219
- Innbinding: Innb.
- Utgjeve: 2007
-
Din pris: 260,-
-
Status: På lager
Frå Blåmannredaksjonen
Endeleg ei godnattbok med nynorske forteljingar! I Godnattboka finn du 22 nyskrivne godnattforteljingar frå både etablerte forfattarar og debutantar, alle med spreke illustrasjonar av Gunvor Rasmussen. Midt i blinken for dei koselege høgtlesingsstundene, med passeleg lange forteljingar også for barn som vil lese sjølve. Høgtlesing på sengekanten er ein kjær rutine i mange heimar – og viktig å halde fast ved også når barnet blir større. I Godnattboka finn du eit variert utval forteljingar for både gutar og jenter, 6-åringar, 9-åringar, prinsesser, boksarar og vaksne. Alle forteljingane tek utgangspunkt i noko som har med kvelden og natta å gjere, men dei er så fine at du sjølvsagt kan lese dei midt på dagen om du vil! Ei påkosta og flott gåvebok, til deg sjølv eller andre. Forfattarar i boka er: Brit Bildøen, Ingunn E. Wiken, Sylfest, Henning Riverdal, Heidi Marie Vestrheim, Anne Mette Hjelle, Frode Grytten, Katrine Sele, Ragnar Hovland, Odd Njøs, Helga Gunerius Eriksen, Tove Bakke, Turid Måseide, Bergljot Engeset, Terje Hellesen, Karl Seglem, Trond Morten Kristensen, Eirik Helleve, Sylfest Lomheim, Einar Økland, Finn Øglænd, Erna Osland, Atle Hansen.

Tips ein ven
Tipset er sendt!
Noko gjekk gale - prøv på nytt!