- Forfatter: Myklebust, Hilde og Inger Lise Belsvik
- Forlag: Det Norske Samlaget
- EAN: 9788252174809
- Sider: 32
- Innbinding: Innb.
- Utgjeve: 2009
-
Din pris: 200,-
-
Status: På lager
Frå Blåmannredaksjonen
Vakker biletbok som tek vare på det magiske i jula! Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta! Då let Jon julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passe på Tyra, som snart skal bli mor. Ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Hilde Myklebusts jordnære og varme tekst, i lag med Inger Lise Belsviks vakre illustrasjonar, vil gå rett heim hos store og små. Dette er årets julebok!
Sammendrag:
Ei varm og vakker forteljing som tek vare på det magiske ved jula. Årets julebok!
Omtale:
Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta! Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passe på Tyra, som snart skal bli mor.
Jordnær og varm
Jon og den lange julenatta er ei vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Parallellane til den første julenatta er tydeleg til stades, men underet Jon får vere med på, skjer her og no. Den jordnære og varme teksten ber tydeleg preg at forfattaren sjølv har kjent gleda ved å leve i nær kontakt med dyr, og Jons omsorg for hesten sin er gjenkjenneleg for alle dyreglade ungar.
I lag med Inger Lise Belsviks vakre, heilsides illustrasjonar, er dette ei bok som vil gå rett heim hos store og små. Dette er årets julebok - og ei bok å ta fram att neste år.
Klikk på oppslaget under for ein smakebit frå boka:
Jon og den lange julenatta er ei tekst-rik biletbok, midt i blinken for ungar som likar ei litt lenger historie enn i dei enklaste biletbøkene. Boka eignar seg like godt for 8-åringen som for 4-åringen - ei magisk høgtlesingsstund for heile familien
Om forfatter:
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Sunnmøre. Ho er forfattar og driv småbruk, mellom anna med hestar. Ho har tidlegare gitt ut to diktsamlingar og dette er den første barneboka hennar.
Inger Lise Belsvik (f. 1961) er frå Rogaland. Ho er ein av dei mest prislønte illustratørane våre, og har mellom anna vunne både Kulturdepartementets illustrasjonspris og gull i kåringa Årets vakraste bøker, fleire gonger. I Jon og den lange julenatta fangar ho den gode gamle julestemninga og formidlar den i fargerike, varme illustrasjonar, som både er tradisjonelle og nye.



Tips ein ven
Tipset er sendt!
Noko gjekk gale - prøv på nytt!