Blåmann Barnebokklubb

Medlemstelefon: 23242700 (9-15)
E-post: blamann@blamannbok.no
Medlemskontakt
Kva vil du lese om? Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Erle Stokke.
Medlemsservice: 23 24 27 00
blamann@blamannbok.no

3-5 år

Bokomslag

Himmelspringaren

  • Forfatter: Horndal, Sissel
  • Forlag: Mangschou
  • ISBN: 9788291948720
  • Sider: upag
  • Innbinding: Innb.
  • Utgjeve: 2008
  • Din pris: 149,-

    Kjøp
  • Status: På lager

  • Lesarane gir boka:

    Kva meiner du? Gi boka stjerner!

Frå Blåmannredaksjonen

35% rabatt på bokhandelpris. Vinnaren av Nynorsk barnebokpris 2009! Det handlar om sauer, grønt gras og friske fjellbekkar, men òg om farar, vanskelige val og det å skilje seg ut. På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere ... Ei rørande historie om vennskap, heltemot og saueliv.

Sammendrag:

Ei vakker biletbokperle med meining i! Historia om lammet Lilla er ei rørande historie om å vere annleis - full av varme, vennskap og vårstemning.

Omtale:

No er det vår, og kva passar vel betre enn ei bok om sauer, grønt gras og friske fjellbekkar? Men Himmelspringaren handlar òg om farar, vanskelige val og det å skilje seg ut, og boka er ei rørande historie om venskap og heltemot. Ei verkeleg vakker vårbok - som varer lenge, lenge.

Det vesle lammet Lilla

På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Sjølv mora vender seg bort. Når dei andre dreg til fjells, må Lilla bli att heime saman med Gammalsauen. Men utpå sommaren får Gammalsauen likevel dra til fjells, kan hende for aller siste gong. Og Lilla får bli med ...

Saman med Gammalsauen utforskar ho er ei verd som er både vakker og skummel, og der det viser seg å vere svært god bruk for eit lite lilla lam med stort mot.

Sissel Horndal fortel med glimt og brodd, både i tekst og illustrasjonar, og kvar av sauane har sitt eige uttrykk og sin eigne personlegdom. Det er ein fryd å følgje dei frå Gullullafjøset til det sommergrøne Heimfjella , til den skumle Dauingkløfta og den store utfordringa som ventar: Sjølvaste Himmelspranget.

 

Himmelspringaren er ei flott bok å gle seg over saman, og eit godt utgangspunkt for å snakke om viktige ting som ungar har mange kloke tankar om. Boka passar for barn frå 3 år og oppover.

 

Om forfatter:

Sissel Horndal er fødd i 1970 og utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho er biletkunstnar, illustratør og forfattar, og fekk i 1998 nynorsk litteraturpris for  Ei halspastillhistorie.

  • Tips ein ven

  • Skriv om boka