Blåmann Barnebokklubb

Medlemstelefon: 23242700 (9-15)
E-post: blamann@blamannbok.no
Medlemskontakt
Kva vil du lese om? Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Erle Stokke.
Medlemsservice: 23 24 27 00
blamann@blamannbok.no

3-5 år

Bokomslag

Liten-på-jord-Tor

  • Forfatter: Huber, Annette
  • Forlag: Skald
  • ISBN: 9788279591344
  • Innbinding: Innb.
  • Utgjeve: 2009
  • Din pris: 174,-

    Kjøp
  • Status: På lager

  • Lesarane gir boka:

    Kva meiner du? Gi boka stjerner!

Frå Blåmannredaksjonen

Tor er allereie temmeleg høg. Nesten ein heil meter! Han er likevel ikkje stor nok til å nå opp til kjeksboksen på kjøkenskåpet, slik som mamma. Tor synest dei vaksne har det mykje lettare, men det har sine fordelar å vera liten også. I Liten-på-jord-Tor kan barna kjenne att sin kvardag, og vi store får sjå verda gjennom deira auge. Ei humoristisk og original bok om forskjellane mellom store og små, lettlest og fargerikt illustrert frå barna sitt perspektiv.

Sammendrag:

Korleis ser verda ut når du er 99 cm stor? I Liten-på-jord-Tor kan barna kjenne att sin kvardag, og dei vaksne får sjå verda gjennom deira auge. Ei humoristisk og original bok om skilnaden mellom store og små, lettlest og fargerikt illustrert frå barne-perspektiv.

Omtale:

Tor Tor er alt blitt temmeleg høg. Nesten ein heil meter! Han er likevel ikkje stor nok til å nå opp til kjeksboksen på kjøkenskåpet, slik som mamma.

Ofte ser Tor bere beina til dei mor pratar med. Og hundane dei møter kan se han rett inni auga! Men det har sine fordelar å vere liten òg. Ein ser for eksempel ting dei vaksne bokstaveleg talt overser ...

 

Klikk på bilete for større oppslag

 

Både teksten og illustrasjonane held seg på Tor sitt nivå. Men her er sanneleg litt å kjenne att også for dei vaksne også. Vi som berre veks i breidda ...

 

Klikk på bildet for større oppslag

Om forfatter:

 

Manuela Olten (f. 1970) har studert Visuell Kommunikasjon med hovudvekt på barnebokillustrasjon frå der Hochschule für Gestaltung i Offenbach, Tyskland. Ho har illustrert fleire barnebøker, mellom anna Echte Kerle, som var nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis.

Annette Huber (f. 1968) arbeider som frilansforfattar, lektor og gartnar i Hamburg. Dette er fyrste barneboka hennar.

  • Tips ein ven

  • Skriv om boka