- Forfatter: Øvsteng, Gyrid Axe
- Forlag: Samlaget
- ISBN: 9788252174502
- Sider: upag
- Innbinding: Innb.
- Utgjeve: 2009
-
Din pris: 200,-
-
Status: På lager
Frå Blåmannredaksjonen
Vakker og engasjerande bildebok om å leite og finne. DEBUTANT! Pappaen til Finn seier tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at alt går an! Han veit toget hans kan gå kor det skal vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den aller beste tingen! I denne appellerande og finslipte bildeboka, møter lesaren tre generasjonar Finn: Finn, Vesle-Finn og Bittevesle-Finn, tre Finn-ar som alle leitar etter noko, men slett ikkje det same.
Sammendrag:
Ei original, klok og leiken biletbok om å leite og finne! Og litt om tog ...
Omtale:
Dette er historia om tre generasjonar Finn: Finn, Vesle-Finn og Bittevesle-Finn! Alle tre leitar etter noko heilt spesielt: Den Aller Beste Tingen. Men Den Aller Beste Tingen er jo slett ikkje det same for alle ...
Forfattar Gyrid Axe Østend og illustratør Per Ragnar Møkleby har saman skapt ei biletbok som boblar av fantasi, med mykje å le av og litt av kvart å tenkje vidare på, både for små og store. Finn! er ei bok du stadig finn (!) noko nytt i.
Her er Finn, 4 år:
Finn elskar tog. Men pappaen til Finn seier at tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner alt går an. Toget hans kan gå kor det skal vere - på gras, på grus, i vatn og luft og fort! - ut for å finne Den Aller Beste Tingen.
Vakker, morosam og engasjerande
Finn finn mykje fint som du kan sjå i boka. Fine ting, men ikkje best. Når han byrjar på skolen finn han mange fine bøker! Og når han blir vaksen, finn han ein eigen heim, og kan ete godter og leggje seg når han vil. Fint, men ikkje best.
Så finn han Sofia, og det er kjempefint. Men når dei får ein Vesle-Finn blir det ikkje så fint som Finn hadde tenkt. Vesle-Finn vil ikkje køyre tog! Og når Vesle-Finn blir vaksen vil han berre gjere ting Finn synest er gørrkjedeleg! Men så kjem Bittevesle-Finn ...
Frå ca 3-6 år
Kritikarjubel:
"Møkleby sine spenstige illustrasjonar står støtt på eigne føter, og saman med Øvstengs spreke tekst. Dette er ei bok som kan lesast mange gonger, og kor ein oppdagar nye ting kvar gong."
Gerg Elin Stava Sandve, Dagsavisen
"Historien er skåret til beinet, og fordelt utover sidene på en måte som gjør det spennende å bla om. [...] Per Ragnar Møkleby [har] skapt et typeunivers som er både absurd og morsomt, samtidig som det har følsomhet i seg."
Marianne Lystrup, Vårt Land
Om forfatter:
Gyrid Axe Øvsteng frå Vågå er dramatikar og skjønnlitterær debutant med boka Finn!

Tips ein ven
Tipset er sendt!
Noko gjekk gale - prøv på nytt!