Blåmann Barnebokklubb

Medlemstelefon: 23242700 (9-15)
E-post: blamann@blamannbok.no
Medlemskontakt
Kva vil du lese om? Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Erle Stokke.
Medlemsservice: 23 24 27 00
blamann@blamannbok.no

1-3 år

Bokomslag

Påls smokk/Påls potte (bokpakke)

  • Din pris: 138,-

    Kjøp
  • Status: På lager

  • Lesarane gir boka:

    Kva meiner du? Gi boka stjerner!

Frå Blåmannredaksjonen

To peikebøker for dei aller minste: Pål ein god smokk, og både voven og pus og anda vil gjerne smake. Anda greier å snappe smokken, men Pål daskar henne og får smokken tilbake. Resultat: Anda sint, Pål glad. Teksten er sparsam; teikningane fortel utruleg mykje. I den andre boka vil Pål ikkje sitte på potta, men saman med hunden Vovven finn han til slutt ut at det ikke er så dumt likevel.

Sammendrag:

 

Dei aller yngste lesarane fortener også kvalitet: Her kjem to sjarmerande småbøker frå 1-årsdalderen til "to-ordsalderen"!

 

Omtale:

 

Bøkene om Pål er etterspurde klassikarar for dei yngste og er laga med tanke på barn heilt ned til 1-årsalderen. Etter bite-bøkene og dei enklaste peikebøkene får dei her følgje ei heil, lita historie frå side til side.

Historiene tek utgangspunkt i situasjonar små barn kjenner att, og blir først og fremst fortalde gjennom illustrasjonane til Eva Eriksson. Personskildringa er full av humor, detaljane enkle og viktige og teksten til Barbro Lindgren supplerer historia med replikkar og kommentarar til bileta.

Teksten er skriven slik barnet sjølv formar dei første setningane sine. Når du les bøkene for barnet ditt formar du sjølvsagt teksten slik du sjølv finn det naturleg. Samspelet mellom tekst og bilete vil raskt få barnet til å "lese" forteljinga sjølv!

"Potte-bøker" er alltid etterspurde!

Og Påls potte tek for seg det evig aktuelle temaet med humor og eit godt blikk. Pål synest potta er dum, og vil slett ikkje setje seg på han. Men vovven kanskje vil? Pål må vise vovven kva han skal gjere, min finn ut at det kanskje er like greitt at han gjer det sjølv ...

I Påls smokk har Pål, sjølvsagt, ein god smokk. Både vovven og pus og anda vil gjerne smake. Anda greier å snappe smokken, men Pål daskar henne og får smokken tilbake. Resultatet: Anda sint, Pål glad.

Barbro Lindgren er forfattaren bak dei pobulære bøkene om Benny, og saman med Eva Eriksson har ho også laga dei fantastiske bøkene om den ville ungen. Bøkene om vesle Pål har gledd små barn i fleire tiår. Kos dykk!

Midt i blinken

  • å lese for 1-åringen

  • for 2-åringen "å lese sjølv"

  • som koseleg bokgåve til alle som feirer sin første fødselsdag

Format 15 x 15 cm. Lette å halde i for små nevar!

Om forfatter:

Barbro Lindgren (f. 1937) har gjennom 40 år vore ein av dei mest populære og prislønte svenske  barneboksforfattarane. Ho har mellom anna fått Astrid Lindgrenprisen, Nils Holgersons-plaketten og Stiftelsen Selma Lagerlös Litteraturpris.

 

Eva Eriksson (f. 1949) har i tillegg til eigne bøker illustrert barnebøker frå ei mengd kjende barnebokforfattarar, mellom anna Ulf Nilsson og Ulf Stark. Mange kjenner nok også streken hennar frå Barbro Lindgrens bøker om Den ville ungen.

  • Tips ein ven

  • Skriv om boka