Søk
- Forfatter: Osland, Erna
- Forlag: Mangschou
- ISBN: 9788291948423
- Sider: 72
- Innbinding: Innb.
- Utgjeve: 2006
-
Din pris: 98,-
-
Status: På lager
Frå Blåmannredaksjonen
Fint å ha far! er ei morosam, spennande og lærerik bok som tek utgangspunkt i noko så spesielt som farsrolla i dyreverda. Det er nemleg ikkje slik at alle dyr har like kjærlege fedrar som dei fleste menneskebarna har. Det vanlege er at dyreungar må klare seg sjølv, og om dei får omsorg er det oftast av mor. Men unnataka finst, og dei kan du lese om i denne boka: Under fengjande overskrifter som ”Nattpappaen”, ”Svoltne fedrar” og ”Med pappas munn som barnerom” fortel Erna Osland om svartspetten som søv med ungane sine, keisarpingvinen som rugar i snøstorm, stingsilda som sym omkring med ungane i munnen og mange andre dyreartar. Og så får du sjølvsag lære mykje anna om dyra, og det er også eit eige faktafelt til kvar dyreart. Samspelet mellom Erna Oslands velskrivne tekst og Marvin Hallerakers sprelske illustrasjonar ga dei to prisar i fjor, og held fram i stor stil!

Tips ein ven
Tipset er sendt!
Noko gjekk gale - prøv på nytt!