Blåmann Barnebokklubb

Medlemstelefon: 23242700 (9-15)
E-post: blamann@blamannbok.no
Medlemskontakt
Kva vil du lese om? Send ønskelister, ris eller ros til redaktør Erle Stokke.
Medlemsservice: 23 24 27 00
blamann@blamannbok.no

Søk

Bokomslag

Torbjørn Isbjørn

  • Forfatter: Kodzoman, Titus
  • Forlag: Skald
  • ISBN: 9788279591375
  • Innbinding: Innb.
  • Utgjeve: 2009
  • Din pris: 174,-

    Kjøp
  • Status: På lager

  • Lesarane gir boka:

    Kva meiner du? Gi boka stjerner!

Frå Blåmannredaksjonen

Langt, laaangt mot nord, så langt mot nord som det er mogleg å koma, der bur isbjørnane. Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire labbar, to søte små øyre og likar å symje i havet, er det noko som ikkje er som det skal vera. Ei humoristisk bok om identitet, tilhøyrsel og kjensla av å vera litt annleis.

Sammendrag:

 

Torbjørn Isbjørn er ei humoristisk bok om identitet, om å høyra til og om å vera litt annleis.  Varm og vakker vinterbok!

Omtale:

Langt, laaangt mot nord, så langt mot nord som det er mogleg å komme, der bur isbjørnane. Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire labbar, to søte små øyre og likar å symja i havet, er det noko som ikkje er som det skal vera ... Kva det er får du vite til slutt i boka!

Torbjørn bestemmer seg for å spørje bestemor si, om han verkeleg er ein ekte isbjørn. Men ho svarer med nokre merkelege gåter. Så spør han kvalrossen. Og polarreven. Og alle han møter - ein ny figur på kvart oppslag. Alltid det same spørsmålet, og stadig nye svar. Men til han til slutt kan slå seg til ro - han er ein ekte isbjørn,  men også noko heilt for seg sjølv.

Her kan du bla i boka!

  

Stort persongalleri

Torbjørn Isbjørn er ei bok som er spennande å lese høgt, med eit stort persongalleri som svarar med ulike røyster, og eit spørsmål som stadig blir gjentatt, som ei regle gjennom boka. Ungane elskar det - og sanneleg er det litt underfundig humor også for den vaksne som les. Som når bestemor svarer på kor gammal ho er: "Eg er eldre enn tennene mine og yngre enn navlen min".

Sjarmerande illustrasjonar

Anne Angelshaugs illustrasjonar er sjarmerande og karakteristiske, med mykje varme, endå handlinga utspeler seg i polarmiljø. Barna kan kose seg med pussige detaljar, og kanskje til og med finne ein raud tråd. Bokstaveleg talt - -- for bestemor sitt strikketøy har ein sentral funksjon i historia.

Ei hjartevarm bok i vinterkulda - midt i blinken for barn frå ca 3 år og oppover.

Om forfatter:

 

Titus Kodzoman (f. 1965) er frå England. Han har budd i Noreg i mange år, og har tidlegare gitt ut boka Kenguruen Rufus. Torbjørn Isbjørn er den første biletboka hans.

Boka er illustrert av  Anne Angelshaug (f. 1977), som er  utdanna illustratør fra Falmouth College of Arts i Cornwall. Dette er Anne Angeshaugs debut som barnebokillustratør.

  • Tips ein ven

  • Skriv om boka